Bloggnorge.com // Fysikerens hjørne
Start blogg

Fysikerens hjørne

av Arve Aksnes

Kritiske journalistar og digitale pedagogar

Kategori: Fremtiden, Politikk, Skole | 0 kommentarer » - Skrevet lørdag 22. desember , 2012 kl. 10:43

15/12-2012 hadde undertegnede og kollega Joachim Laberg en kronikk på trykk i BT sin papirutgave. Her er kronikken:

Tittel: Kritiske journalistar og digitale pedagogar

I førre veke kunne vi lese i BT at elevane ved Nordahl Grieg vidaregåande skole har kravd papirbøkene attende. Inntrykket som vart skapt var at den digitale satsinga til skolen er vorte parkert.

Lat det vere heilt klårt: Som faglærarar på den aktuelle skolen, kjenner vi oss ikkje att i BT si framstilling av denne saka. Vår digitale satsing lev i beste velgåande. Men det er ikkje hovudpoenget no. I denne kronikken vil vi heller retta fokus mot den kritiske journalistikken som BT representerer gjennom artikkelen “Elevene krevde papirbøker tilbake”. Dette er ein journalistikk vi i utganspunktet ynskjer velkommen.

Det er nemleg særs viktig at journalister fylgjer med på det som skjer i utdanningssektoren, og har eit kritisk lys på oss lærarar og skoleleiarar. I ei tid med krise i Europa og eit usikkert landskap, er det viktig at vi gjev ungdommane i dag den beste utdanninga for framtida.

Men sjølv om vi applauderer den kritiske journalistikken, finn vi det underleg at den konkrete handsaminga nok ein gong ser ut til å springa ut frå ei teknologiskeptisk ståstad knytt til bruk av digitale verktøy i skoleverket. Dekninga avslører nemleg ei teknologisk mediefrykt som er særs overraskande i ei tid med enorm entusiasme elles.

Det skjer ei omfattande digitalisering i dagens samfunn, og særleg sosiale medier vert ofte halde fram som ein viktig suksessfaktor for både kommersielle og politiske aktørar. Årets E-handelsrapport frå Posten og Bring melder at 89 % av nordmenn over 18 år handlar på nett. Å kunne beherske data sjåast dessutan på som ei basisferdighet på linje med lese- og talforståing, og moglegheitene for offentleg deltaking gjennom sosiale medier blir ofte omtalt som et demokratiserande fenomen. Professor Morten Dæhlen ved Institutt for informatikk, Universitetet i Oslo, har uttalt at  «avhengigheten av digital teknologi er nærmast blitt total. Dersom den bryter saman, bryter også samfunnet saman». Å stilla kritiske spørsmål om det digitale samfunnet som sådan, er interessant. Men journalistikken er likevel sjeldan opptatt av slike spørsmål, og det er vanskeleg å finna handsamning på fenomennivå. Vi opplever likevel at handsamning av det digitale samfunnet ber preg av ei haldning om at dette er noko sjølvsagt og riktig. Men unntak av skolesystemet då. Kva er greia med det konservative skolesynet?

Diskusjonen om skole og digitale verktøy bør løftast opp frå skyttargrava og vekk frå ein teknologideterministisk tankegang om at kvalitet er avhengig av det mediet ein brukar. Mediet er ikkje irrelevant, men undervisning er meir komplekst enn som så. Og vi vil ikkje stå på sidelina i den digitale tidsalder. Sjølv om vi er ein skole. Vi vil i staden ha ein debatt om tilgangen på digitale verktøy. Om forsking og formidling. Om artiklar i pdf-format. Dette er eit bidrag til denne debatten, og vår synspunkt er: gje oss meir digitalt fagstoff. Skal kritisk journalistikk på dette området vera meir enn berre påtatt maktkritikk, bør den altså handla om meir enn einskildskolar. Om meir enn spørsmål om vellukka/mislukka pedagogikk. Ein klarar det på andre område. Skolen bør ikkje vera eit unntak.

Misforstå oss ikkje. Også vi ser at kritisk journalistikk er viktig demokratisk sett, og riktig journalistisk sett. Også på einskildskole-nivå. Men kritikken må vera haldbar. Elevane våre har ikkje klaga på skolen si satsing. Dei har peika på faglege utfordringar som både handlar om ressursar og metodar, og vi har etterkome ynskjene der vi føler dei har vore fornuftige, slik vi lit på at andre skolar også gjer det. Dette har ikkje føregått som eit elevar-mot leiinga fenomen, men som ryddige prosessar. Det har heller ikkje skjedd over natta, slik ein kan få intrykk av gjennom BT sin artikkel. Klart det har vore usemje. Klart vi har endra oss undervegs. Men vi har heller aldri hevda at vi skal vera heildigitale. Fagleiar Margreta Tveisme, som har ansvaret for den digitale satsinga ved skolen, sa følgjande til Fanaposten 12 oktober 2010: «Det viktige spørsmålet for oss er ikkje om vi skal ha bøker eller ikkje. Det viktige er å ha det beste fagstoffet til emnet til enhver tid». Digitale verktøy og læremidel er altså ein del av pakken, men som vi tillet oss å vektlegga fordi vi meiner dei er viktige.

Ved Nordahl Grieg vidaregåande skole er læringsomgrepet nemleg forankra i ei sosiokulturell forståing av ordet. Kort fortalt handlar dette om at ein lærar saman med andre. Den digitale utviklinga har opna opp ei rekke nye arenaer for samhandling, og gjennom internett kommer verda inn i klasserommet.  Næringslivet «skrik» etter ungdommar som har «endringskompetanse».  Ved Nordahl Grieg vgs er denne type kompetanse nedfelt i eit eiga temaområde kjent som «entreprenørskap». Dette handlar om at vi vil gje elevane kompetanse i samarbeid, problemløysing, fleksibilitet, forestillingsevne, nyskaping, kreativitet og endringsevne. For oss betyr dette at nye idear og ny teknologi må prøvas ut. Ein kvar som ynskjer å sjå, er med dette velkommen til skolen vår på synfaring.

Men ei slikt satsing krev at ein må navigera i det nye og ukjende. Den raske utviklinga, med nye dingsar og forventningar om nye lesemåtar, kommunikasjonsformer og tekstar, er ei skodde som er vanskeleg å gripa om. Både for dei som alltid må ha den siste dingsen og føler seg digitalt hyperkompetente, óg dei ser på fenomenet med meir skeptiske auge.

Vi kan forstå behovet for tydelege konklusjonar i denne skodda. Ei samtid som overlèt samtidig forståing til historiekaren må vera ein pessimistisk tid. Likevel meiner vi at diskusjonen om digitale læremiddel i skolen ikkje kan handla om sluttresultata no. Om den digitale satsinga er velukka eller mislukka, blir eit spørsmål for framtida.  Ein må gjerne stilla spørsmålet som utgangspunkt for skolekritikk, men då blir det for oss freistande å stilla følgjande spørsmål attende: Har BT (eller andre media) det siste tiåret nokon gong retta eit kritisk søkelys mot dei skolane som nektar å ta inn over seg den teknologiske utviklinga? Drives det kritisk journalistikk mot dei tradisjonelle «papirbok-skolane»?

“Elevene ba om PC, og det fikk de – Bokskolen er et mislykket prosjekt” er ei overskrift vi i så høve gjerne skulle ha sett.

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.